Skip to Content

Opplev Frukt- og Siderruta i Ulvik

Bestill nå! OPPLEV FRUKT- OG SIDERRUTA I ULVIK

Gardane: Hakastad, Lekve, Syse

Den einaste frukt- og siderruta i Noreg finn du i Ulvik i Hardanger. Tre gardar – mange ulike opplevingar frå gard til gard. Alt innanfor gangavstand der du kan du vandra på eigenhand i vakkert kulturlandskap langs Apalvegen.

Opplev frukt og siderruta i kombinasjon med omvisning og smaking på ein av gardane. Kvar måndag til laurdag i sesong. Les meir om dei ulike gardane her

  • Gjeld: 14/6 - 21/8 2021, måndag til laurdag

  • Oppmøte: På garden: Velg din gard og ditt tidspunkt ved bestilling

  • Tidspunkt 13:00 eller 16:00

  • Varighet: ca 1 time

  • Pris: 350,- per person. Born 7- 17 år 50% rabatt, born 0- 6 år gratis

  • Inkl.: Omvising. Smaking av sider og fruktprodukt. Opplev historie, kultur, tradisjon og folket. Gardsbutikk

Du kan starta turen på eigenhand frå turistinformasjonen/ sentrum av Ulvik der du vandrar langs fjorden til starten av Apalvegen. Langs Apalvegen kan du besøka dei 3 frukt- og sidergardane, der alle har gardsbutikk. Gardsalet er ope måndag til laurdag mellom 10:00 og 17:00.

Turen kan du starta når du vil, men smakinga byrjar enten kl 13:00 eller kl 16:00 på den valgte garden. Du kan rekne med omlag 30-45 minutters vandring frå sentrum til gardane. Det er og mogeleg å køyra direkte til garden for å få med seg den guida omvisninga.

Alle gardane tek også imot grupper etter avtale, for omvisningar og smaksprøvar. Ta kontakt med den einskilde gard for meir info. 

  • 18 års aldersgrense på sidersmaking, men passar og for familiar
  • Avstand frå Ulvik sentrum til gardane: ca 2-3 km
Back to top