Skip to Content

Midtveketilbod Opplev Frukt- og Siderruta i Ulvik

Bestill nå! MIDTVEKETILBOD OPPLEV FRUKT- OG SIDERRUTA I ULVIK

Gardane: Hakastad, Lekve, Syse

Dei tre gardane på frukt og siderruta, Haugesenteret og Brakanes Hotel byr på flotte mitdvekeopplevingar. Alt innanfor gangavstand, der du kan vandra frå gard til gard.

Opplev frukt og siderruta i kombinasjon med omvisning og smaking på ein av gardane. Midtveketilbod i tida: 11.mai – 10.juni og 24.aug - 30 sept

Tysdag kl 15.00 Stad: Syse gard

Onsdag kl 15.00 Stad: Hardanger saft- og siderfabrikk

Torsdag kl 15.00 Stad: Syse gard

  • Pris: 290,- per person. Born 7- 17 år 50% rabatt, born 0- 6 år gratis

  • Varighet: ca 1 time

  • Inkl.: Omvising. Smaking av sider og fruktprodukt. Opplev historie, kultur, tradisjon og folket. Gardsbutikk

Les meir om dei ulike gardene på Frukt- og Siderruta

Du kan starta turen på eigenhand frå turistinformasjonen/ sentrum av Ulvik der du vandrar langs fjorden til starten av Apalvegen. Langs Apalvegen kan du besøka dei 3 frukt- og sidergardane, der alle har gardsbutikk. Gardsalet er ope måndag til laurdag mellom 10:00 og 17:00.

Turen kan du starta når du vil, men smakinga byrjar kl 15:00  på garden. Du kan rekne med omlag 30-45 minutters vandring frå sentrum til gardane. Det er og mogeleg å køyra direkte til garden for å få med seg den guida omvisninga.

Alle gardane tek også imot grupper etter avtale, for omvisningar og smaksprøvar. Ta kontakt med den einskilde gard for meir info. 

  • 18 års aldersgrense på sidersmaking, men passar og for familiar
  • Avstand frå Ulvik sentrum til gardane: ca 2-3 km
Back to top