Skip to Content

Guiding og smak hjå Hardanger Saft- og Siderfabrikk, Lekve gard

Bestill nå! GUIDING OG SMAK HJÅ HARDANGER SAFT- OG SIDERFABRIKK, LEKVE GARD

Opplev Frukt- og Siderruta i Ulvik

Den einaste frukt- og siderruta i Noreg finn du i Ulvik i Hardanger. Tre gardar – mange ulike opplevingar frå gard til gard. Alt innanfor gangavstand der du kan du vandra på eigenhand i vakkert kulturlandskap langs Apalvegen.

Opplev frukt og siderruta i kombinasjon med omvisning og smaking på Hardanger Saft- og Siderfabrikk, Lekve gard

  • Gjeld: 14/6 - 21/8 2021
  • Oppmøte: På garden
  • Tidspunkt: Onsdag og torsdag kl 13:00
  • Tidspunkt: Måndag og fredag kl 16:00
  • Varighet: ca 1 time
  • Inkl.: Omvising. Smaking av sider og eplemost. Opplev historie, kultur og tradisjon. Gardsbutikk

Du kan starta turen på eigenhand frå turistinformasjonen/ sentrum av Ulvik der du vandrar langs fjorden til starten av Apalvegen. Langs Apalvegen kan du besøka dei 3 frukt- og sidergardane, der alle har gardsbutikk. Gardsalet er ope måndag til laurdag mellom 10:00 og 17:00.

Turen kan du starta når du vil, men smakinga byrjar enten kl 13:00 på onsdagar og torsdagar, eller kl 16:00 på måndagar og fredagar. Du kan rekne med omlag 45 minutters vandring frå sentrum til garden. Det er og mogeleg å køyra direkte til garden for å få med seg den guida omvisninga.

Alle gardane tek også imot grupper etter avtale, for omvisningar og smaksprøvar. Ta kontakt med den einskilde gard for meir info. 

  • 18 års aldersgrense på sidersmaking, men passar og for familiar
  • Avstand frå Ulvik sentrum til gardane: ca 2-3 km

Les meir om Hardanger Saft- og Siderfabrikk

Back to top